Ola Elvestuen er ein norsk politikar for Venstre som var klima- og miljøminister frå 2018 til 2020 og stortingsrepresentant frå Oslo i 2013–2025. Han var nestleiar i Venstre frå 2008 til 2020.
Ola Elvestuen
Faktaboks
- Fødd
- 9. oktober 1967, Vestre Toten, Innlandet
Bakgrunn
Ola Elvestuen kjem frå Vestre Toten og studerte sosialantropologi, mellomfag i statsvitskap og historie, og byrja på hovudfag i historie ved Universitetet i Oslo 1989–1994. Elvestuen har mellom anna arbeidd som organisasjonsrådgivar i Venstre, og på ulike barar og kafear i Oslo.
Politisk karriere
Elvestuen har bakgrunn frå bypolitikken i Oslo og var i 1995–2003 bydelspolitikar på St. Hanshaugen. Frå 2003 til 2015 var han medlem av Oslo bystyre, han leia byutviklingskomiteen i 2007–2011 og var byråd for miljø og samferdsel i 2011–2013. Han var leiar av Oslo Venstre frå 2000 til 2008 og nestleiar i Venstre frå 2008 til 2020.
Elvestuen var vararepresentant til Stortinget 2001–2013 og fast representant frå Oslo i 2013–2025. Han var leiar av energi- og miljøkomiteen i 2013–2018 då han gjekk inn i regjeringa. Han var klima- og miljøminister i regjeringa Solberg. Han vart skifta ut som statsråd ved regjeringsomdanninga i 2020 og kom tilbake til Stortinget. Han ville stille til attval i 2025, men vart vraka under nominasjonen.
Elvestuen har hatt naturvern og klima som politiske hovudsaker. Han har vore særleg synleg som pådrivar for skogvern, fleire nasjonalparkar i Noreg, å ta vare på rovdyra som er att i norsk natur og klimavennleg samferdsle. Etter at han som byråd gav økonomisk støtte til kartlegging av natur i Maridalen i Oslo, fekk han i 2013 vepsen aphelinus elvestueni kalla opp etter seg.
Han er bror til Per Elvestuen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.