Hopp til innhald

Motvind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Motvind Norge er ein norsk organisasjon som kjempar mot vindkraftutbygging i Noreg. Organisasjonen «ønskjer å hjelpe huseigarar og grunneigarar som føler seg overkøyrde av vindkraftutbyggjarane, om så med rettslege steg.»[1]

Organisasjonen vart skipa med eit landsmøte på Frøya 16. november 2019, som ei samanslutning av lokale aksjonsgrupper.[2][3] Ved årsskiftet 2019–2020 hadde organisasjonen, i følgje seg sjølv, 8000 registrerte medlemmer.

Rune Haaland vart tilsett som første generalsekretær i organisasjonen.[4] Organisasjonen omtalar vindkraftprosjekt «som eit overgrep på natur, miljø og lokalsamfunn, og brot på rettsoppfatninga til folk.»[2]

Under koronapandemien i 2020 markerte Motvind Norge seg ved Buheii i Kvinesdal ved å sperre fylkesveg 465 med vaktpost og kjetting.[5] Politiet greip inn og ein person vart bøtelagd.[6]

I mai 2020 vart utbygginga av eit vindkraftverk i Noreg for første gong prøvd i retten. Saka var mellom Motvind Norge og Vardafjellet vindkraft, og Motvind Norge ønskte å stoppe utbygginga gjennom ei mellombels ordning.[7]

  • Denne artikkelen bygger på «Motvind Norge» frå Wikipedia på bokmål, den 12. mai 2020.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
      1. NTB (2019-10-24). «Organisasjonen Motvind Norge samler motstandere av vindkraft». Finansavisen. Henta 2020-04-02. {{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in: |utgiver= (hjelp)
      2. 1 2 «Historikk». Motvind Norge. Henta 2020-04-02.
      3. «Invitasjon til MOTVIND NORGE» (PDF). Motvind Norge. Henta 2020-04-02.
      4. NTB (2019-11-21). «Bellona-grunnlegger skal lede kamp mot vindmøller». Teknisk Ukeblad. Henta 2020-04-02. {{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in: |utgiver= (hjelp)
      5. «Aksjon mot ulovlig arbeid på Buheii». Motvind Norge. 2020-03-31. Henta 2020-04-02.
      6. Jordheim, Hans (2020-04-02). «Vindkraft-aksjonister blokkerte veien for arbeidere». Fædrelandsvennen. Henta 2020-04-02. {{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in: |utgiver= (hjelp)
      7. Morsund, Gunnar (2020-05-10). «Første rettssak: Kan forandre vindkraftutbyggingen i Norge». NRK Rogaland. Henta 2020-05-12. {{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in: |utgiver= (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]