Kvenflagget

Kvenflagget (kvensk kvääniflaku) er eit flagg som sidan 2009 har vorte nytta av kvener i Noreg, Sverige og Finland. Flagget er designa av Bengt Johansson-Kyrö.
Formgjeving
[endre | endre wikiteksten]Formgjevaren til kvenflagget er kunstnaren Bengt Johansson-Kÿrö frå Jukkasjärvi utanfor Kiruna i Nord-Sverige. Flagget har mørkeblå bakgrunn og motiv frå ein solblome eller ei solrose (kvensk aurinkonkukka eller auringonkukka) som er funne på ei rekke gjenstandar i det kvenske området: Kvenland. Døme på slike gjenstandar skal mellom anna vera jakthorn, vevstolar, båtar m.m. Solrosa vert stadig nytta innan tradisjonelt käsityö, som er kvensk kunsthandverk.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Flaggdesignen var klar allereie i 2007 Kvenlandsförbundet arrangerte ein konkurranse for å få laga eit kvenflagg. Johansson-Kyrös design vann konkurransen.[1] Det var først i 2009 at Kvenlandsforbundet vedtok å ta flagget i bruk. Dette skjedde på eit møte med medlemmer frå Noreg, Sverige og Finland.[2]
Flagget vart først brukt på ei offentleg flaggstong utanfor rådhuset i Kiruna på Kvenfolkets dag i 2013.[3] I 2017 vart flagga hange opp ved Rådhuset i Storfjord kommune, og for første gang flagga ein kommune i Noreg på Kvenfolkets dag.[1]
På landsstyremøtet i Norske Kveners Forbund 29.-30. april 2017 vart flagget til Kvenlandsforbundet òg vedtatt brukt av NKF.[4]
I mars 2018 heisa mellom anna Kvænangen kommune kvenflagget for første gang, det same gjorde Nordreisa[5], Porsanger[6] og Troms fylkeskommune[7], og i mars 2019 vart flagget heisa i Tromsø på Kvenfolkets dag.[8][9]
I 2018 avslo det norske Kommunal- og moderniseringsdepartementet ei oppfordring frå Norske kveners forbund om ei offentleg godkjenning av Kvenflagget. Departementet sa samtidig at norske kommunar og andre stod fritt til å bruka flagget til å markera Kvenfolkets dag og andre hendingar.[10]
I 2022, 15 år etter at flagget vart til, fekk Johansson-Kyrö utdelt den første nordiske kvenske kulturprisen for innsatsen sin. I grunngjevinga for prisen stod det:
Siden 2007 og 2013 har flagget blitt den viktigste materielle markøren for det kvenskfinske. Johansson-Kyrös vinnerbidrag fra 2007 i Kvenlandsförbundets konkurranse tar ett urgammelt kven- og finnesymbol inn i et hav av nye muligheter for alle kvener og likesinnede. Bengt Johansson-Kyrö er den riktige mottaker av den første nordiske kvenske kulturprisen.[11]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «1948 - DAGENS HISTORIE: Hvordan Kvenflagget kom til» (på norsk bokmål). Henta 2020-09-22.
- ↑ Larsen, Dan Robert (2017-05-18). «Endelig et felles flagg for kvenene» (på norsk bokmål). Henta 2020-09-22.
- ↑ Kvenlandsförbundet. (18. mars 2013). Kvänfolkens dag i Kiruna
- ↑ «Kvenene har fått sitt felles flagg!» (på norsk bokmål). 2017-05-16. Henta 2019-03-16.
- ↑ 2018-03-16. «Onnee kväänikansan päiväle! Gratulerer med kvenfolkets dag! - Nordreisa kommune» (på norsk). Arkivert frå originalen 2019-11-15. Henta 2019-11-15.
{{cite web}}:|last=has numeric name (hjelp); Invalid|url-status=yes(hjelp) - ↑ Hansen, Lill Vivian (2018-03-03). «Hvor kan vi heise kvenflagget?» (på norsk bokmål). Henta 2019-11-15.
- ↑ «Det kvenske flagget heist for første gang på kvenfolkets dag». Henta 2019-11-15.
- ↑ Mevik, Eirik Losnegaard (2018-12-31). «Godt nytt år! - Kvænangen kommune» (på norsk). Henta 2019-11-15.
- ↑ Monsen, Heidi Nilima (2019-03-16). «Kvenflagget til topps i Tromsø» (på norsk bokmål). Henta 2019-11-15.
- ↑ Lanes, Laila (2018-03-07). «Kvenflagget blir ikke offentlig godkjent» (på norsk bokmål). Henta 2020-09-22.
- ↑ Riksforbund, Kvensk Finsk (2022-07-05). «Kirunamøtet 11. juni 2022» (på norsk bokmål). Henta 2023-01-01.
- Denne artikkelen bygger på «Kvenflagget» frå Wikipedia på bokmål, den 1. januar 2023.