Hopp til innhald

Etiopia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den føderale demokratiske republikken Etiopia
የኢትዮጵያ ፌዴራላዊ ዴሞክራሲያዊ ሪፐብሊክ
Yäʾityop̣p̣yawi Federalawi Demokrasiyawi Ripäblik
Adjektiv: etiopisk
Motto Ikkje noko
Nasjonaldag 28. mai
Nasjonalsong «Whedefit Gesgeshi Woude Henate Ethiopia»
Hovudstad Addis Ababa
Offisielle språk amharisk[1]
 •  Minoritetsspråk språk i Etiopia
Flatevidd 1 104 300 km²
 •  vatn 0,7 % km²
Folketal 128 691 692 (2023)[2]
Grunnlagd 900-talet f.Kr.
Styresett Føderal parlamentarisk republikk under eit autoritært styre
 •  President Taye Atske Selassie
 •  Statsminister Abiy Ahmed
BNP 111 261 882 913 US-dollar (2021)[3]
HDI 0,498 (2021)[4]
Gini 35 (2015)[5]
Tidssone UTC +3
Valuta Birr
Telefonkode 291
ISO 3166-kode ET
Toppnivådomene .et
Wikimedia Commons: Ethiopia

Etiopia,[a] offisielt Den føderale demokratiske republikken Etiopia,[b] er ein stat på Afrikas horn nordaust i Afrika.[6][7] Etiopia grensar mot Eritrea, Djibouti, Somalia, Kenya, Sør-Sudan og Sudan. Landet er det tredje folkerikaste i Afrika, etter Nigeria og Egypt. Det er ei av dei eldste statsdanningane som framleis er til,[8] etter Armenia, og er det einaste landet i Afrika som ikkje har vore under kolonistyre.

Ifølgje etiopisk tradisjon i Aksum-krønika er namnet Etiopia (ge'ez ʾĪtyōṗṗyā) avleidd frå Ityopp'is, ein son av bibelske Kusj som skal ha grunnlagd Aksum. Den greske oldtidshistorikaren Plinius den eldre nemnde også at landet skulle ha fått namn etter ein Aethiops.

Forskarar på 1800-talet meinte i staden at namnet kom frå gresk Αἰθιοπία (Aithiopia), frå gamalgresk Αἰθίοψ Aithiops sett saman av αίθαλο (aíthalo, 'sotet') og οψ (ops, 'andlet').[9]

I Europa var landet tidlegare også kjend som Abessinia og Abyssinia, namn avleidde gjennom arabisk Habesh frå Ḥabaśāt, eigenamnet til habeshafolk, som i dag kan visa til størstedelen av innbyggjarane i Etiopia og Eritrea.

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

Folkegrupper

[endre | endre wikiteksten]

Dei største gruppene er oromo 40 %, amhara og tigre 32 %, andre grupper er sidamo 9 %, shankella 6 %, somaliarar 6 %, afar 4 %, gurage 2 %, og andre til saman 1 %. Sjølv om amhararane er i mindretal, er statsapparatet dominert av amharar.

Folkesetnaden sin gjennomsnittsalder var i 2002 17,3 år. Spedbarnsdøydelegheit var litt over 10% (2003), og gjennomsnittleg levealder var 41,2 år (2003)

Sjå Språk i Etiopia

Det blir snakka 84 språk i Etiopia. Blant dei er amharisk (offisielt), tigrinsk (offisielt), oromign, guaragign, somalisk, arabisk og engelsk (offisielt). I lag med Tanzania er Etiopia det landet sør for Sahara som har satsa mest på ein språkpolitikk som byggjer på eigne språk. Amharisk blir skrive med eit eige stavingsalfabet, fidel, som er ein variant av ge'ez-skriftsystemet. Fleire andre språk, m.a. tigrinsk, blir skrive med det same alfabetet.

I 2003 var godt over halvparten av den vaksne folkesetnaden analfabetar.

Dei største gruppene er kristne 60.8 % og muslimar 32,8 %.[10] Den etiopiske kyrkja har røter attende til urkristendomen, ho var del av den koptiske kyrkja fram til 1959.

Etiopia sin handel med varer består hovudsakleg i eksport av kaffi, i 2001 23,4 % av bruttonasjonalproduktet.

  • BNP: USD 800 / innbyggjar[10]

Økonomisk struktur

[endre | endre wikiteksten]
  • Landbruk: 46,3 %
  • Tenester: 41,1 %
  • Industri: 12,6 %
Kart over Etiopia

Etiopia er det eldste uavhengige landet i Afrika, og det einaste afrikanske landet som aldri var koloni.

Landet vart styrt av keisar Haile Selassie på mesteparten av 1900-talet, avbrote av ein kortvarig italiensk okkupasjon frå 1936 til 1941. Haile Selassie vart styrta i 1974, av ein prosovjetisk marxistleninistisk junta, Dergen, som gjorde Etiopia til ein eittpartistat. I 1991 vart Dergen styrta av Ethiopian Peoples Revolutionary Democratic Front (EPRDF), som framleis sitt med makta.

Statsministrane til Eritrea og Etiopia signerte ei fredserklæring i oktober 2019.[11]

Den blå nilen byrjar her, i Tana-sjøen.

Etiopia er kjend for sine katastrofale tørkeperiodar, så ein kan kanskje bli overraska over kor behageleg klimaet eigentleg er i dette området. Dei høgareliggande områda i vest slepp unna den steikande varmen i Denakilørkenen og lummervarmen i det søraustlege låglandet. Om vinteren bles det vanlegvis ein nordaustleg vind frå Arabia, og over om lag 2000–2200 m har ein ofte frost, sjølv om dagtemperaturen vanlegvis er over 20 °C. Den kjøligaste tida på året er juli og august då daglege torevêr flyttar seg over desse høgdedraga. Hagl er ikkje uvanleg, og mange dagar ser ein berre glimt av sola mellom skyene om morgonen og ettermiddagsbyene. I dei sørlege Oromofjella kan ein få store nedbørsmengder når desse bygene blandar seg med monsunvinden frå Indiahavet.

Frå mars til mai kan ein få kortare periodar med lett regn i dei austlege fjellområda. I samband med El Niño-hendingar kan ein få fleire periodar med lett regn, men færre episodar med store nedbørsmengder, og dette kan medføre tørke. I samband med La Niña episodar skjer ofte det motsette (mindre lett regn, meir kraftig regn).

Det prekambriske underlaget i Etiopia utgjer berggrunnen i høglandet og alle dalstrøk langs Tigre og Den blå Nilen. Glimmerskifer er mest vanleg med innslag av hornblende og feltspat. I Adigrat vert grunnfjellet overlagra av kvit og brun sandstein med opptil 300 meter tjukkleik, som vart avsett i triastida. Seinare i triastida vart det danna kalkstein som tilhøyrer Antalogruppa. Ved Chelga og Adigrat finst òg kol. Over 2400 meter finst to vulkanske seriar frå triastida eller eldre: Ashangigruppa og Magdalagruppa. Frå tertiærtida finst vulkanske bergarter i sørlege delen av Etiopia. Aden vulkanserie frå tertiærtida består av basalt og vulkansk oske som finst vest for Massawa og ved Annesleybukta.

  1. ↑  • amharisk ኢትዮጵያ, romanisert Ītyōṗṗyā
     • oromo Itiyoophiyaa
     • somali Itoobiya
     • arabisk إثيوبيا
     • tigrinja ኢትዮጵያ, romanisert Ítiyop'iya
     • afar Itiyoppiya
  2. ↑ amharisk የኢትዮጵያ ፌዴራላዊ ዴሞክራሲያዊ ሪፐብሊክ, romanisert Yäʾityop̣p̣yawi Federalawi Demokrasiyawi Ripäblik
  1. ↑ «5», Constitution of Ethiopia, Wikidata Q19053883
  2. ↑ Landkode (ISO 3166-1 numerisk): 231; vitjingsdato: 23. november 2024.
  3. ↑ . Verdsbanken https://data.worldbank.org/indicator/NY.GDP.MKTP.CD. Henta 26. august 2023. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  4. ↑ «Human Development Report». 2022.
  5. ↑ https://data.worldbank.org/indicator/SI.POV.GINI. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  6. ↑ «Etiopia» i Store norske leksikon, snl.no.
  7. ↑ Folke, Hans; Brauer, Ole. «Etiopien» (på dansk). Lex på lex.dk. Henta 15. september 2026.{{cite web}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link)
  8. ↑ «Ethiopia» (på engelsk). Britannica. Henta 15. september 2026.
  9. ↑ «Aithiops, Henry George Liddell, Robert Scott, ''A Greek-English Lexicon'', at Perseus». Perseus.tufts.edu. Henta 16. mars 2009.
  10. 1 2 CIA The World Factbook, arkivert frå originalen 15. desember 2018, henta 3. november 2009 {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  11. ↑ Fred mellom Etiopia og Eritrea: Utenkelig for bare få uker siden. NRK. Vitja 2019-10-12

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Etiopia